Egil Lillestøl har tatt på seg å redde verda med thoriumkraftverk. Mot seg har han ein million norske miljøvernarar. Med seg har han Frp, ein heil del forskarar og Oppland arbeiderparti.
Hausten 2006 introduserte professor Egil Lillestøl thorium i den norske energidebatten.
"Snill" kjernekraft kunne kanskje løyse ikkje berre Noregs, men viktigare, globale energiproblem. I tillegg kunne det vere god butikk.
Thorium vakte stor interesse i pressa, men miljøorganisasjonane kom raskt på banen og avviste blankt utbygging av kjernekraftverk i Noreg. Det er urealistisk, skapar alvorlege avfallsproblem og kan misbrukast til å utvikle atomvåpen, sa ei samla miljørørsle.
At Lillestøls politiske våpendragar etterkvart vart Framstegspartiet hjelp truleg ikkje på entusiasmen. Frp var med Lillestøl til Cern og vitja Carlo Rubbia, tidlegare nobelprisvinnar i fysikk som har utvikla teknologien som kan takast i bruk i ein thoriumreaktor.
Frps energipolitiske talsmann Ketil Solvik-Olsen la deretter spørsmålet om thorium fram i Stortingets spørjetime 15. november 2006.
Thoriumutgreinga frå Solsvik-Olsen vart stort sett møtt med eit skuldertrekk.
- Det er uaktuelt. Vi vil satse på fornybar energi, sa den førre olje og energiministeren Odd Roger Enoksen. Dette vart stort sett også svaret frå dei andre politikarane. Lillestøl fortsette sitt kamptog for thorium og etterkvart gav Olje- og energidepartementet (OED) Norges forskningsråd i oppgåve å sette ned eit thoriumutval. Dette fekk som mandat å greie ut høvet til å ta i bruk dei store thoriumforekomstene vi har i Noreg til produksjon av energi.
Utvalet skal levere ein rapport på nyåret 2008. Det vart kritisert for å ikkje inkludere miljøvernarar. I juni i 2007 gjekk alle miljøorganisasjonane, med over ein million medlemmer i ryggen, ut med eit felles opprop mot kjernekraftverk i Noreg.